Sidan 1932
Vår historie
Agnar Ask er tredje generasjons trappeprodusent, og forvaltar arven etter sin far og bestefar vidare. Trappeprodusenten er Noregs eldste produsent av trapper, og kunnskapen som har blitt tileigna og ført vidare gjennom generasjonane er ein viktig faktor bak suksessen.
Byrjinga
Trappeprodusenten har sine røtter tilbake til Magnus Ask, som var ein foretaksom og kreativ ung mann. Allereie i 1920 lagde han si første trapp til eit nybygg på familiegarden. Trappa vart eit meisterleg svennestykke, og det vart raskt klart at Magnus Ask hadde eit stort talent for trearbeid. Han var nøyen med detaljane, ein kvalitet som har gått i arv sidan.
Magnus Ask prøvde seg også som ordinær snekkar. Men på bygda gjekk det ord om at han ikkje var brukandes til å byggje fjøsbygningar – han var nemleg alt for nøye på det, perfeksjonismen førte til at det tok for lang tid, så Magnus returnerte til det han kunne best. Finarbeid, og fokus på detaljar.
I 1932 starta Magnus Ask formelt opp som trappeprodusent, og etter nokre år flytte han inn i eit eige fabrikklokale på Ask i Askvoll kommune. Der produserte han, saman med nevøen sin trapper, dører og vindauge, og etter kvart byrja også sonen til Magnus, Magne, i bedrifta.
Fristad
I 1972 skilde Magne ut trappeproduksjonen i eit eige firma ved namn Ask Trappeverkstad, og produksjonen vart flytta til Fristad kor Trappeprodusenten ligg i dag. Fabrikken på 90m² vart bygd av Magne sjølv.
Ti år seinare hadde behovet for eit større produksjonslokale vokse fram, og i romjola 1982 vart maskinparken flytta til det over tre gonger så store fabrikkbygget på 300m².
Tredje generasjon
Oppføringa av det nye fabrikkbygget vart Magne sitt siste store bidrag til bedrifta, då Agnar tok over i oktober 1988. Ask Trappeverkstad vart same år til Trappeprodusenten, og Magne jobba endå nokre år i fabrikken før han pensjonerte seg.
Dei siste tiåra har Trappeprodusenten halde fram med å utvikle seg i sine lokale på Fristad, og særleg dei seinare åra har det skjedd mykje. Nytt påbygg med varemottak og lakkboks har kome til, og det har blitt investert i ei CNC-maskin. Trappeprodusenten står i dag betre rusta enn nokon gong tidlegare til å levere unike trapper og møblar til eit kresent og kvalitetsbevisst marked.
Ved utgangen av 2015 har Agnar produsert ca. 4300 trapper.